Musikalen er basert på romanen Les Misérables (Dei elendige) av Victor Hugo frå 1862.
Handlinga finn stad tidleg på 1800-talet i Frankrike og følgjer dei samanfletta historiene til ei rekkje figurar som kjempar for eller imot forsoning og revolusjon.
Personane er blant anna ein lauslaten straffange ved namn Jean Valjean (Peter Smørdal) som ikkje greier å finne arbeid som ærleg mann, bryt prøvelauslatinga si og skjuler identiteten sin; politiinspektør Javert (Aleksander Raftevold) som blir besett av å finne Valjean; Fantine (Marte Rønnestad), ei einsleg mor som vert tvinga til å bli prostituert for å skaffe mat til dotter si, Cosette; Cosette (Sigrid Myklebust), som etter moras død blir Jean Valjean si adopterte dotter, og som etterkvart vert forelska i den revolusjonære studenten Marius Pontmercy (Arnt Herman Hagen); ekteparet Thénardier (Stian Hundeide og Hege Anita Vereide), dei samvitslause krovertane som opprinneleg fostra Cosette, og som trivst med å jukse, lure og stele; Éponine (Hanna Kvamme), den unge dottera deira som er håplaust forelska i Marius; Gavroche (Siri Nikoline Leivdal), ein ung tiggar; og studentleiaren Enjolras (Fredrik Rye Hansen) som planlegg å frigjere dei undertrykte klassane i Frankrike.
I tillegg til hovudfigurane er det eit ensemble av prostituerte, studentar, revolusjonære, fabrikkarbeidarar og andre.
Tilsaman 37 elevar som har musikal som valfag i år og vil stå på scena. Musikalen vil verte framført på engelsk.
Billett får du kjøpt her
Rolleliste:
Jean Valjean, Peter Smørdal, (2stb)
Javert, Aleksander Raftevold, (3sta)
Fantine, Marte Rønnestad, (3sta)
Eponine, Hanna Kvamme (1dha)
Marius, Arnt Herman Hagen (1sta)
Cosette, Sigrid Myklebust (2sta)
Thenardier, Stian Hundeide (2stb)
Madam Thenardier, Hege Anita Vereide(2stb)
Enjolras, Fredrik Rye Hansen (2sta)
Gavroche, Siri Nikoline Leivdal (1stb)
Courfeyrac, Sondre Leivdal (2ssa)
Combeferre, Olai Tomasgard (2ela)
Feuilly, Erlend Eriksen (2dea)
Grantaire, Sondre Garlid (3sta)
Joly, Hans Ivar Moss Kolseth (1sta)
Lesgles, Stian Kviteberg (2dea)
Provaire, Erling Mostad (2stb)