Comenius gruppa på Eid VGS er ei gruppe som arbeider saman med fire andre land i eit internasjonalt prosjekt om energi og ernæring. I samband med dette skal det arrangerast ein workshop her på skulen saman med elevar og lærarar frå dei fire andre deltakarlanda.
Dei utanlandske deltakarane på workshopen kjem frå Italia, Frankrike, Tyskland og Polen, og vil kome til Eid i veke 12, frå 22. til 26.mars. Dei skal vere her på skulen og arbeide saman med Comenius gruppa på Eid med oppgåver og spørsmål som omhandlar energibruk. Vi frå Eid har valgt Fjordvarme som hovudtema som vi skal fortelje dei besøkande om, og ser fram til denne veka som både skal vere eit fagleg og sosialt samarbeid.
Les meir om comenius