Gründercamp 2009
Eid vgs vil 23. og 24. november gjennomføre gründercamp for tredje året. - Gründercamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping. Elevane får eit oppdrag som dei skal presentere ei løysning på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraga er reelle, og blir gitt av en oppdragsgiver fra ei privat eller offentlig virksomhet.


Samarbeid med lokalt nærings- og arbeidsliv er sentralt i ein Gründercamp. Den eksterne oppdragsgjevaren gir elevane den bakgrunnsinformasjonen dei treng for å løyse oppdraget dei får presentert. Elevane får trening i å jobbe kreativt og løysningsorientert i grupper i eit avgrensa tidsrom. Gruppa må samarbeide om å finne frem til den mest innovative løysninga. Tilbod om veiledning undervegs i prosessen aukar elevane sitt læringsutbytte.

Til campen måndag og tysdag har vi fått inn oppdrag frå:
Eid kommune, Eid handelsstandsforreining, Nordfjord Nærradio, Rita Nyland, Moengården Vest, Frislid Konfeksjon, Operahuset Nordfjord og Sparebanken Sogn og Fjordane
Over 80 elevar frå vg1 Design og Handverk, Studieførebuande og Elektrofag skal i løpet av desse dagane komme med løysningsforslag på oppdraga dei får presentert.

Elevane blir delt i 11 grupper. Dei vil etablere ei bedrift og løysinga dei presenterer skal vurderast av ein jury. Elevane konkurrerer om premie for beste løysningsforslag (1. og 2. premie) og premie for beste presentasjon. 
Premiane vert sponsa av Sparebanken Vest.
 
Det vert også ein gåvepremie for beste gruppesamarbeid og beste bedriftsnamn og logo.


Campen startar måndag kl 0845 og vert avslutta med presentasjon kl 1230 tysdagen og premieutdeling kl 1400.



300camp
undefined
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS