Eid vidaregåande skule har valt Rent som årets skulemusikal fordi vi har ei veldig spesiell gruppe ungdomar her i år, og vi hadde lyst til å gi dei eit utfordrande stykke. Dei har store talent!
Stykke handlar om livet, kjærleik og venskap, om å vere i stand til å nyte livet trass i vanskar som oppstår, spesielt for dei som er litt annleis. Vi har ein transvestitt, et lesbisk par, eit homofilt par, og folk som er HIV-smitta og rusavhengige.
Dei 20 elevane som står på scena , har takla utfordringane på ein framifrå måte! Berre det å syngje ein vel 2 timar lang rocke-opera er ei utfordring i seg sjølv. Men også i tillegg å vere i stand til å leve seg inn i desse skikkelsane som lever eit liv som er så mykje annleis enn livet i ei lita vest-norsk bygd, gjer jobben endå meir vanskeleg!
Publikum ein sjeldan sjans til å oppleve eit meisterverk ”live” her i Operahuset Nordfjord.
Elevane sjølve har valt å framføre stykket på orginalspråket engelsk.
Musikken er for det meste i rock og pop genren, men det finns ein tango som skal syngjast og dansast. Musikken er rørande og flott!
Gå ikkje glipp av sjansen til å oppleve dette fantastiske stykket framført av våre eigne utrulege talentfulle ungdommar. Det blir lagt ned mange hundre-tals timar med hardt arbeid før teppe går opp i mars!
Rent er inspirert av operaen La Boheme og har fått
fleire prisar, mellom anna den gjeve
Pulitzerprisen. Musikalen vekte reaksjonar då den v art sett opp på Broadway, sidan aids, hiv, rus og homofili står sentralt. Publikum kan gle seg til å møte ungdomar frå Alphabet City, der fattigdom og hiv er ein del av kvardagen. Rollefigurane er ei lett blanding av homofile, transvesittar, heimlause og slitne kunstnarar som strevar med å få til livet. Men midt opp i alt dette finst det venskap og kjærleik.
KJØP BILLETT
her