Samarbeid Eid – Firda
Ungdomsbedrifta Rockebrus UB som vil utvikle ein eigen type brus til Malakoff Rockfestival, var sist veke på sitt første besøk til brusprodusent Oscar Sylte AS i Molde. Det vart her forhandla om ein leveringsavtale av rockebrus, i tillegg til at det vart ein omvisning på fabrikken.

 

Frampeik UB som kjem frå medialinja ved Firda vgs og som skal laga messeavis til fylkesmessa for entreprenørskap på Eid den 11. mars, var også med på turen. Her kjem den første reportasjen som er laga av Frampeik UB: 

Rockebrus UB i møte med mogleg leverandør.
 
Tysdag 19. Januar var Rockebrus UB på besøk med mogleg leverandør Oskar Sylte. Dei imponerte kvalitetssjef Aina Eidseter stort med mange gode idear og eit bra engasjement. Ho er særs nøgd med at gutane er i eit så godt samarbeid med Nordrikk. Leiar Sondre Berg seier at møtet gjekk betre enn dei  hadde håpa på, og at eit godt samarbeid er ganske freistande. Gutane fortel også om sin lokale interesse og sin gode plan for å hjelpe U-land, noko som gjer representant for Oskar Sylte meir enn stolt. Ho meier at å tenke på slike formål er ein stor fordel for begge partar.
 No er produktet rockebrus ikkje langt i frå marknaden. Det vert rockebrus slepp same dag som Malakoff rockefestival slepp sine artistar. Dei har no kunngjort at om 2000 melder seg inn i facebook gruppa deira, så skal dei ha ei overrasking for alle når det er brusslepp.

Av: Kari-Ann S. Sande


oskarsylte300
Dei som er med i Rockebrus UB er :Dziugas Matukas, Eivind Holmboe, Sondre Berg, Naveed Hakimi. Til høgre står kvalitetssjef Aina Eidseter.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS