Skulemusikal førskomande helg
Få dagar igjen – RENT blir tidenes skulemusikal. Førstkomande fredag startar framsyningane av RENT på operahuset. Konklusjonen er klar: Det blir ei fantastisk forestilling som overgår det meste vi har opplevd i denne sjangeren tidligare! Eit enormt show, fengande musikk, innhald til ettertanke, latter og tårer – alt framført av ei gruppe ungdommar som samla står for det mest talentfulle vi har hatt nokon gang!

Dette er ein av dei mest krevjande musikalane som nokon gong er sett opp. Innhaldet, musikken, dansen – alt er svært krevjande. Vi hadde ikkje drøymt om å setje opp RENT, hadde det ikkje vore for det enorme talentet som bur i gruppa av elevar vi har her i år, seier Michael Pavelich. Han er utruleg stolt av gruppa. Da vi i haust la frem ideen om dette stykket og gikk igjennom kva dei krevjande rollene innebar og alt arbeidet det ville medføre, var det aldri tvil – dette ville elevane gjere!

 

Generalprøven er på torsdag, og etter hundrevis av arbeidstimar ser Michael at musikalen er akkurat der den skal vere og at dette blir ei fantastisk muligheit for oss som bur i Nordfjord til å oppleve eit meisterverk her i vårt eige nabolag. Det kan internasjonalt teljast på ei hand over skular som har tort å ta fatt på denne oppgåva, og det seier litt om kva vi får til her - dersom vi vil.

 

Då vi sette opp Grease i fjor tok det ei forestilling eller to før folk skjønte kva dei var i ferd med å gå glipp av. Ein måtte høyre i frå andre at det var skikkelig bra fyrst. Siste forestilling blei dermed fullstendig utseld, og det var lange køar for å få billettar. Michael fryktar at det same vil skje i år. Han håpar at folk ser at dei må vere litt tidligare ute og at ”dei tar sjansen” på å kjøpe billettar til fredag og laurdag også.

 

Det er liten tvil, elevane og Michael har nok ein gong sett seg skyhøge mål, og også denne gongen innfrir dei og gir oss tre festkveldar som alle bør få med seg!

 

KJØP BILLETT HER



rent300
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS