Snurr film UB ønskjer alle små kinogjengarar i Eid hjarteleg velkomne til den flotte norske filmen Knerten.
Denne gongen er det ikkje dronninga som er på besøk i Operahuset Nordfjord, men hr og fru Knerten frå Bjørkedalen. Store knerten er heile tre meter høg!
Nokre av elevane i Ungdomsbedrifta Snurr film UB kom opp med ideen om å få ”store knerten” på besøk til kinoframsyninga og utfordra nokre av lærarane.
Adm leiar Ottar Bjørkedal reiste til skogs på kvelden og fann emne. Faglærar på treteknikk, Mari Janne Henden, vil hjelpe med finpuss og utforming av ansikt og litt spjelking av armar.
Vi oppdfordrar alle til å komme og sjå resultatet i Operahuset Nordfjord/ Eid vidaregåande skule på torsdag 12. november
LES MEIR om kinoframsyninga på www.operahuset.no