FIRST LEGO LEAGUE
Skandinavias største teknologiturnering på Nordfjordeid. For tredje gong arrangerar Robotlaben v/Eid vidaregåande skule FIRST LEGO League turnering i Sogn og Fjordane. Årets arrangement vil finne stad i Operahuset Nordfjord laurdag 7. November. Det blir fullt hus, masse lego, robotar, sceneshow frå dei ulike laga og spennande konkurransar. Det er gratis inngang og du er hermed invitert!

FLL er ei verdsomspennande teknologiturnering for barn og unge i alderen 10-16 år. FLL er eit samarbeid mellom Lego og FIRST Skandinavia og blir arrangert for 10. året på rad i 2009.
 
I September blei årets oppdrag utdelt til dei laga som har meldt seg på. Samstundes har dei fått utdelt ei bane som ein legorobot skal bevege seg på, og anna naudsynt utstyr. Deretter har laga hatt 8 veker å arbeide på før finalen. Det er ein krevjande og lærerikt prosess der deltakarane må samarbeide med både skulen, foreldre og lokalt næringsliv for å løyse oppdraget. Dei må sjølve lage ein plan og ordne finansiering/sponsing av laget sitt. Alt arbeidet skal presenterast for frivillige dommarar frå næringslivet i Nordfjord på finaledagen den 7. november.

Oppdraget består av både ein teoretisk og ein praktisk del.
På den teoretiske delen skal laga halde ein presentasjon om eit naturvitskapleg tema knytt opp mot lokalt næringsliv. I år er temaet ”Smart Move”. Her skal eleven førebu ein presentasjon på korleis vi kan effektivisere transport i framtida. Tryggare, meir miljøvennlig og mindre resursskrevande er stikkord. Dette arbeidet skal presenterast for eit dommarpanel på finaledagen.
Det praktiske oppdraget går ut på å programmere robotane sine til å utføre diverse oppdrag på eit robotbord. To og to lag konkurrerer side om side, og det laget som samlar flest poeng på 2,5 minutt går vidare. Konkurransen blir vist på storskjerm, og resultata blir samanlikna i sanntid med andre turneringstadar sidan finalane er synkronisert over heile Skandinavia. Konkurransen er inndelt i innleiande rundar, kvartfinale, semifinale og finale. I pausane skal alle laga som en del av konkurransen framføre sine sceneshow.
Det blir delt ut prisar i ulike kategoriar og dei som blir FIRST LEGO League Champions kjem vidare til skandinavisk finale i Eskilstuna den 28. november. Dei som vinn der blir invitert til å delta i eit internasjonalt meisterskap med deltakarar frå meir en 40 land.
 
Robotlaben ser FLL som eit utmerka tilbod for å gje barn og ungdom eit positivt og kreativt syn på teknologi og lagarbeid. Gjennom prosjektperioden får deltakarane kjennskap til kor mykje spennande som fins i lokalt næringsliv her i Sogn og Fjordane og forhåpentlegvis kan vi som arrangørar bidra til at elever blir stimulert til vidare utdanning og kompetansebygging.  
 
Vel møtt!
 


FLL300
First Lego League på Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord
Fllvinnarar
Etter mange timar intens konkurranse var det Gloppen ungdomsskule og laget ”Skarpskodde” som vann den gjevaste prisen ”FLL Champions” i 2008.
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Eid VGS