Hopp til hovedinnhold

Reglar og rutinar

Her finn du regelverk som regulerar vidaregåande opplæring Arbeidsmiljølova Ferielova Forskrift til opplæringslova Forskrift til ordensreglement for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane Fråværsreglement Læreplanar Opplæringslova Reglar for fag/sveineprøver

Ordensreglement for Eid vidaregåande skule

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland

Orden og åtferdsreglement for Vestland fylkeskommune

Fråværsreglement ved vidaregåande skular

Kontakt skulen ved fråvær

Det er viktig at elev eller eventuelt foreldre/føresettte gjev beskjed til kontaktlærar ved fråver. 

Dokumentert fråvær

Eleven kan få karakter med eit større fråvær enn 10 prosent dersom ho eller han kan dokumentere at fråværet skuldast grunnar som kan gje slikt unntak.

  • Dokumentert fråvær: kan gje fritak frå 10 prosent-regelen.
  • Udokumentert fråvær: blir alltid ført på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Kva kan vere dokumentert fråvær?

  • Helse- og velferdsgrunnar
  • Arbeid som tillitsvald
  • Politisk arbeid
  • Hjelpearbeid
  • Lovpålagt oppmøte
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå
  • Køyreopplæring. Sjå eige avsnitt under.

Anna fråvær frå undervisning vert ført som fråvær uavhengig av om det kan dokumenterast eller ikkje. Til dømes vil fråvær grunna ferie og køyretimar telje innafor 10 prosent-grensa. Har eleven brukt opp desse 10 skuledagane med fråvær, blir nytt dokumentert fråvær ført og tel opp mot 10 %-grensa.
Det er berre heile dagar som kan førast som dokumentert fråvær og då strykast.

Køyreopplæring

Følgjande køyreopplæring kan sjåast på som dokumentert fråvær:

  • 4 timar obligatorisk tryggleikskurs på bane
  • 5 timar praktisk øving i køyring på landeveg
  • 4 timar undervisning i planlegging og køyring i variert trafikkmiljø, der minimum 3 timar skal være sjølvstendig køyring i variert trafikkmiljø, resterande tid skal nyttast til planlegging og oppsummering

Reiseveg vil som hovudregel vere ein del av det dokumenterte fråværet.

Fråværsgrense 15 %

I nokre særtilfelle der dokumentasjon av fråværsårsaka er svært komplisert, kan rektor avgjere at grensa vert 15 %. Ved fråvær utanom punkta overfor på over 15 % vert det ikkje grunnlag for karakter sjølv om eleven har delteke på alle prøvar. I tillegg til fråværsgrensa må eleven og ha delteke aktivt slik at lærar har grunnlag for å sette karakter. Frammøte er ikkje garanti for karakter.

Udokumentert fråvær

Alt fråvær som eleven ikkje leverer dokumentasjon for, er udokumentert. Alt udokumentert fråvær blir ført på vitnemålet og tel inn på fråværsgrensa.

Døme på udokumentert fråvær

  • bortvising fra undervisning
  • ferie ​

Fråvær på vitnemål og kompetansebevis

Hovudregelen er at alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråværet skal førast som dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.
Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Dokumentert fråvær

Sjukdom

Sjukdom er dokumentert fråvær. Dette gjeld både fysiske eller psykiske helsegrunnar, kronisk sjukdom eller funksjonshemming. Fråværet kan bli unnateke frå fråværsgrensa frå første time, men kan ikkje strykast frå vitnemålet før etter tredje dag. Fråvær på grunn av kronisk sjukdom eller funksjonshemming kan strykast frå første dag.

Gyldig dokumentasjon er legeerklæring eller dokumentasjon frå annan sakkundig, som til dømes fysioterapeut, tannlege eller psykolog. Det er ikkje nok med berre eigenmelding frå foreldre eller myndige elevar.

Rådgjeving og PP-tenesta

Rådgjeving, som sosialpedagogisk rådgivning og tid hjå PP-tjenesta, skal ikkje reknast som fråvær. Dette er rettigheiter eller tilbod som eleven har og som er regulert i opplæringslova.

Velferdsgrunnar som bryllup og gravferd

Gyldig dokumentasjon er ei stadfesting av årsaka skrive av ein person med kompetanse til å vurdere fråværsårsaka. Om det er vanskeleg, kan det vere nok med ei stadfesting frå foreldre eller myndige elevar for velferdsgrunnar.

Verv, hjelpearbeid eller arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå

Verv som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid eller representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, til dømes idrett eller kultur, kan vere dokumentert fråvær.

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå ein organisasjon, til dømes politiske organisasjonar, hjelpeorganisasjonar eller idrettsorganisasjonar.

Vitne i rettsak

Gyldig dokumentasjon er erklæring eller stadfesting, til dømes frå domstolen.

Heilagdagar for trussamfunn utanfor Den norske kyrkja

Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå trossamfunnet.

Organisert studiearbeid

Sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid, t.d. elevrådsarbeid, allmøte for elevane reknast ikkje som fråvær. Det er ein føresetnad at slikt arbeid skal vere godkjent av skulen eller faglærar. Om arbeidet ikkje er avtalt med skulen eller faglærar, vil dette vere fråvær.

Kva er udokumentert fråvær?

Andre typar fråvær enn dei i lista over er alltid udokumentert fråvær.

Konsekvensar for eleven og varsling

Her finn du mal for førehandsvarsling til elevar om at det ikkje vert gjeve standpunktvurdering. Du finn også skjema til bruk for å søke om sletting av fråvær etter tidagarsregelen.

Konsekvens

Elevar som har over 10% fråvær kan ikkje få karakter i eit fag. Faglærar har altså ikkje høve til å sette karakter i fag der eleven har over 10% fråvær. Er det dokumentert at fråvær skuldast grunnane i §3-47 a til f, er organisert studiearbeid, skoleadministrative gjeremål eller religiøs høytid, skal dette ikkje telje med ved utrekning av fråværsprosent. Skulearena har verktøy for å handtere dette.

Varsling

Faglærar sender ut varsel når eleven nærmar seg 10% fråvær i eit fag. NB: Likevel om fråvær blir dokumentert, og til dømes ikkje skal telje med ved utrekning av fråværsprosent - så må læraren også ha eit fagleg grunnlag for å kunne sette fagkarakterar.

Fritak etter 10 dagars regelen

Elevar kan søkje frådrag for fråvær opp til ti dagar som kjem under reglane i §3-47, forskrift til opplæringslova. Slik søknad skal sendast i VIS.

Klage på vurdering

Elevar kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, det vil seie standpunktkarakterar, orden- og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar.

Elevar kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, det vil seie standpunktkarakterar, orden- og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar.

Gå rett til

Klagefrist

Det er ti dagar klagefrist på standpunktkarakter og eksamenskarakterar. Fristen vert rekna frå det tidspunktet du er blitt kjend med eller burde gjort deg kjend med karakteren.

Ny eksamen

Viss karakteren blir uendra og du ikkje er nøgd med den, kan du ta melde deg opp i faget som privatist. Dette gjer du på PrivatistWeb.

Regelverk

Detaljar i regelverket om klage på vurdering finn du i forskrifta til opplæringslova: Kap. 5 Klage på vurdering

Skriftleg eksamen (sentral- og lokalgitt)

Kva kan du klage på?

På skriftleg eksamen kan du klage på både faglege og formelle feil. Ved klage på skriftleg eksamen, treng du ikkje grunngi klagen.

Før du klagar

Viss du vurderer å klage, kan du først be faglærar om å vurdere karaktersettinga.

Korleis klagar du?

Ved klage på skriftleg eksamen nyttar du skjema for klage på vurdering. Klagen skal sendast på e-post eller per post til skulen v/rektor.

Det finst ei hurtigklageordning for avgangselevar. Ordninga gjer at avgjerda kjem tidleg nok til at vitnemålet rekk å bli retta opp med eventuelt ny karakter før universitet og høgskular hentar  opp vitnemålet elektronisk. Detaljert informasjon om hurtigklagefrist får du ved å ta kontakt med kontoret på eige skule. 

Kven handsamar klagen?

Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av Fylkesmannen.

Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer frå Fylkesmannen.

Klageresultat

Klagenemnda skal avgjere om karakteren ved ordinær sensur er urimeleg. Dersom nemnda meiner det, vil dei setje ny karakter som er betre eller dårlegare. Nemnda vil gi ei skriftleg grunngiving for klageresultatet. 

Standpunktvurdering / vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering / munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Kva kan du klage på?

Alle ikkje-skriftlege eksamenar for elevar er er avlyst våren 2021. Klage på denne typen eksamen er difor ikkje aktuelt. 

For meir informasjon om klage på standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd, gå vidare til nettsida vestlandfylke.no/standpunkt

Privatist

For klage på privatisteksamen, gå vidare til nettsida vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/privatist/klage-pa-eksamen/

Klage på opplæring

På Eid vgs freister vi å løyse problem på lågast mogleg nivå. Vi held oss saklege og vil ein gå vidare med ei sak, ta det skriftleg.

Nokre viktige prinsipp:

Ver Saklig

Legg fram saka på ein sakleg og skikkelig måte. Ta gjerne med korleis ting kan gjerast annaleis.

Lågast mogleg nivå

Dersom du ikkje klarer å løyse ei sak som har med opplæringa sjølv kan det tenkast at du kan bruke enten tillitsvalgt i klassen eller faglærar som første instans. Hvis ikkje det hjelper, ta saka opp med kontaktlærar. Gå eventuelt til rådgjevar, avdelingsleiar eller til slutt rektor.

Skriftleg dokumentasjon

Det kan vere lurt å dokumentere høva skriftlig. Skriftleg søknad skal til rektor.

Bruk av personopplysingar og bilete

Personvern

Fylkeskommunen fekk i mai 2018 ei ny personvernerklæring som gjeld for alle nettstadane til fylkeskommunen, som vlfk.no og nettstadane til dei vidaregåande skulane.

Personvernerklæringa handlar om korleis vi samlar inn og brukar informasjon om besøkande på våre nettstadar. Les personvernerklæringa her

Bruk av bilete

Skulen treng gode bilete for å fortelje om aktiviteten og tilboda sine. Vi ynskjer også å nytte bilete der ein kan kjenne att elevar. Då må vi ha eleven sitt samtykke.

Skulen og Vestland fylkeskommune som skuleeigar vil gjerne nytte bilete frå skulen sin aktivitet til nett og trykksaker. Eleven må gje sitt samtykke til å nytte bilete der personen kan kjennast att.

Når eleven er over 15 år, kan han sjølv gje samtykke til bruk av bilete. Fylkeskommunen og skulen skal alltid vurdere om det er etisk rett å bruke biletet, og følgjer personopplysningslova og åndsverklova ved publisering. Bilete som vert nytta skal vere tekne i skulesamanheng.

Skjema: Samtykkeerklæring for publisering av bilete

Skulebyte

Viss du skal byte skule, må du melde frå til skulen.

Gå til skjema for melding om skulebyte

Opplysingar som blir overført til ny skule utan samtykke

Skulen vil sende over eleven si mappe til ny skule. Elevmappa kan innehalde:

  • permisjonssøknader
  • referat frå utviklingssamtalar
  • relevant korrespondanse mellom skule og elev/føresette

For elevar med spesialundervisning kan elevmappa i tillegg innehalde:

  • tilvising til PPT og pedagogiske rapportar
  • sakkunnig vurdering frå PPT
  • individuell opplæringsplan
  • vedtak om spesialundervisning
  • halvårsrapportar/årsrapportar
  • ev. annan relevant korrespondanse

Informasjon omfatta av teieplikt

I enkelte tilfelle kan elevmappa også innehalde informasjon omfatta av teieplikt som ikkje er nødvendig for den vidare opplæringa til eleven. Slik informasjon kan ikkje overførast utan ditt samtykke.

dersom du er usikker på kva type informasjon som ligg i elevmappa, kan du be om ein gjennomgang før du ev. gjev samtykke. Dette gjer du ved å kontakte avgjevarskule og avtalar ein gjennomgang.