Hopp til hovedinnhold

Ekskursjon til Bergen

Elevar på bedriftbesøk

Vi på Interiør og eksponeringsdesign har vore på ekskursjon til Bergen. Vi besøkte nokre bedrifter innan profileringsdesign og vi var på besøk på Årstad vidaregåande skule.

På Årstad vidaregåande skule fekk vi god kjennskap til korleis det er å gå vg3 interiør. På bedriftene Informativ og Loop såg vi på alle dei spennande arbeidsoppgavene til ein profileringsdesigner, og vi fekk vite meir om korleis det er å vere lærling.

Vi fekk bu i ein interessant villa frå 1870, og i blandt anna butikken Heim fekk vi sjå på kva som er trendy no.
Lærerikt !