Hopp til hovedinnhold

Celsius Glass Studio

Glasblåsar Cornelia har ei kort innføring i sitt arbeid.

Torsdag 5.mai var vg1 Handverk, design og produktutvikling på bedriftsbesøk til Celsius Glass Studio på Langevåg i Ålesund. Vi fekk eit lite innblikk i arbeidet til glasblåsar Cornelia Skuggen, og vi fekk sett ho i arbeid.

Celsius Glass Studio ligg på Devoldfagbrikken i Langevåg i Ålesund. I ca.20 år har Cornelia jobba som glasblåsar, og ho har alltid laga produkt som ho sjølv har lyst å lage. (Ho elska rosa!) På verkstedet sitt har ho sitt eige utsal med eigne designa produkt og produkt som er redesigna. Ei viktig inntektskjelde er i tillegg oppdrag ho får frå bedrifter og enkeltpersonar.

Vi fekk eit innblikk i det arbeidet ho gjer dagleg, og vi fekk sett prosessen frå ide til ferdig produkt. I tillegg fekk vi stille spørsmål og høyrt korleis hennar utdanningsveg har vore. Vi fekk mykje nyttig informasjon.

Vi besøkte og ein keramiker og ein sveiser når vi var på Devoldfabrikken.