Hopp til hovedinnhold

Utdanningsrettleiing på skulen

To som står framme ved ei tavle og presentera Høgskulen på Vestlandet. Elevar sit rundt i rommet og høyre på.

Onsdag 18. januar arrangerte skulen ein ettermiddag/kveld med utdanningsrettleiing for vg2 og vg3 ved studiespesialiserande. Arrangementet heitte «Vegen vidare» og bestod av presentasjonar av forskjellige yrker og høgskular.

Ganske mange av elevane på Eid vgs slit med motivasjonen, og veit ikkje kva ein eigentleg kan bruke utdanninga til. Det er for eksempel ikkje like lett for alle å skjønne kva det betyr å få tilsendt egenerklæringa frå Forsvaret, og fleire veit lite om mange av yrka ein kan velje. Det er mange som ikkje veit kva dei vil bli, og dette ville skulen gjer noko med.  

Fram til korona var det vanleg å ha ein dag med besøk av ulike utdanningsinstitusjonar. Under og etter korona har ikkje dette opplegget vore like bra. Derfor tok Ivar Nord, Marianne Valeberg Nes og Lillian Moss initiativet til ein dag med utdanningsrettleiing. Eit arrangement for elevane på vg2 og vg3 ved studiespesialiserande og vg3 påbygg, som kan gi dei betre innsikt i både høgskulane og arbeidslivet. Forhåpentlegvis kan dette også føre til at fleire blir meir motiverte, og syns det blir lettare å vite kva ein kan bruke utdanninga til.  

Lærarane inviterte ein rekkje yrker, og mange kom og fortalte om sine utdanningsløp. Representantane fortalde også om eiga erfaring og hadde gode råd som er fornuftig å ta med seg. Det finnas mange moglegheiter, og ingenting er bortkasta. 

Yrkene vi fekk besøk av var lege, sjukepleiar, ingeniør, politi, lærar, økonom, psykolog, barnevernspedagog og jurist, i tillegg til Nordfjordakademiet og Forsvaret. Vi fekk også besøk frå høgskulen på Vestlandet, høgskulen i Volda og folkehøgskulane. Høgskulen på vestlandet har blant anna campusar frå Haugesund i sør til Førde i nord, og høgskulen i Volda er regjerande innan medieutdanning.  

Frå 14.00 til 15.40 var det presentasjonar i kinosalen, før det vart servert pizza til middag av kantina. Etter middagen var elevane med på tre valfrie presentasjonar av dei yrka som ikkje hadde sine presentasjonar før middagen.  

I foajeen vart det satt opp stands, og etter middag vart det også moglegheit for å besøke desse fram til ca kl. 19.00. Hos høgskulane og dei ulike yrka kunne ein få vite meir om vegen etter vidaregåande og jobbmoglegheiter, medan folkehøgskulane tok for seg moglegheitane for dei som vil ha eit år med opplevingar. Eit år som også kan gje mykje relevant erfaring og tilleggspoeng.  

Elevane verka interesserte, og spesielt politi, ingeniør og økonom var det mange som ville vite meir om. Folkehøgskulane verka òg populært, som også delte ut brosjyrar. Det gjer det lettare å setje seg inn i alt ein kan velje mellom. Det finnes nemleg 939 linjer fordelt på 86 skular i landet.  

Eid vgs vil rette ei stor takk til alle representantane som gjorde det mogleg å lage til eit opplegg med utdanningsrettleiing. Vi håpar også at elevane sit igjen med betre innsikt, og at dei veit meir om moglegheitane og om arbeidslivet dei går til.