Hopp til hovedinnhold

Velkomen til nytt skuleår!

Dei fire i leiinga står saman.

Velkomen til nytt skuleår ved Eid vgs måndag 15.08. Vi vil særleg ynskje vg1 elevar og nye vg2, vg3 og vg4 elevar hjarteleg velkomne til skulen. Vi gled oss mykje til å kome i gang.

Vi startar med felles samling  i Operasalen kl. 09.00 der det vil bli litt informasjon før ein blir med sine klasser til klasseromma.

 

Praktisk informasjon

  • Lånekassen: Har du søkt utstyrstipend? Dette er noko alle som går på vgs har rett til. Søk på Lånekassen
  • Alle elevar i vgs må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
  • Alle læremiddel får du låne av biblioteket ved skulen.  Avtale om lån av læremiddel må ein signere i den samanheng. Dei under 18 år må ha føresette signatur. NB! Det er eleven som logggar inn med bankID
  • Har du rett til skuleskyss, må du søkje her. Dei som har hatt skuleskyss tidlegare må aktivere kortet sitt på denne lenka.