Etter vg1 Frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign kan du gå vidare på vg2 Frisør her på Eid vidaregåande skule. Dette er eit kreativt fag der du får jobbe praktisk med varierte problemløysingar og ulike arbeidsmetodar.
Ynskje du å
- arbeide kreativt med fokus på hår, skjegg og styling?
- lære meir om motar og trendar?
- arbeide med eit fag som er i stadig utvikling?
- arbeide med folk?
Då er denne linja rette valget for deg!
Noko av det du lærer på Frisør:
- Tradisjonelle og nye teknikkar i frisørfaget
- Produksjon av frisørarbeid i bedrift
- Kundebehandling
- Gje råd og rettleiing om hårfasong og produkt
Moglegheiter etter vg2 frisør:
- 2 år lære i bedrift som fører til sveinebrev i frisør, les meir her.
- Eit år påbygg for å få generell studiekompetanse, les meir her.
Etter frisørutdanning kan du:
- Drive eiga verksemd
- Arbeide internasjonalt
- Vidare kursing innan mellom anna sminke, hudpleie, negldesign og maskør- og parykkmakar
- Drive med konkuransefrisering
Sjå meir av vårt arbeid på instagram: @frisor_eid_vgs
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Fellesfag
- Norsk
- Kroppsøving
- Samfunnsfag
Programfag
- Kommunikasjon, klipp og frisyreforming
- Hår, farge og strukturendring
Yrkesfagleg fordjuping
Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:
- Bedriftsbesøk og samarbeid med yrkeslivet
- Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
- Arbeid på salong og klasserom