Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du bestille tid hos ein av rådgjevarane våre.
Ikkje vent med å ta kontakt viss du treng hjelp. Du kan snakke med faglærar, kontaktlærar, rådgjevar eller andre.
Rådgjevarar har teieplikt, og kan hjelpe deg med det du måtte trenge i skulekvardagen.
Korleis bestille time?
Rådgjevarane våre
Lillian, Thea og Magnar er rådgjevarar hos oss.
Lillian er rådgjevar for studiespesialisering. Thea er rådgjevar for frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign og teknologi og industrifag. Magnar er rådgjevar for elektrofag.
Lillian Moss
RådgjevarThea Helene Hansen
RådgjevarMagnar Aase
RådgjevarFøresette er også velkomne til å ta kontakt!
Rådgjevarane håpar at de tek kontakt med skulen så snart råd viss det er noko vi kan hjelpe til med. Samarbeid med heimen ser vi på som viktig.
Rådgjevarane og samarbeid
Rådgjevarane samarbeider og med mange andre grupper/personar:
- Opplærings-, utviklings- og informasjonsleiar
- Kontakt- og faglærarar
- NAV
- Helsesøster
- Spesialpedagogisk ansvarlege ( stilling på skulen)
- Rådgjevarar ved ungdomsskulane
- Miljøkoordinator ( stilling ved skulen)
- BUP
- PPT
- OT
- Meltunet barne- og ungdomsheim
I samband med utdanning/yrke har vi òg mykje kontakt med universitet/høgskular, Lånekassa, forsvaret og opplæringskontora for yrkesfag.
Skuleår i utlandet
Ønskjer du å ta vg2 i utlandet? Vi har tilbod i fleire land. Du kan lese meir på Vestland fylkeskommune si nettside.