Hopp til hovedinnhold

Historie

Eid vidaregåande skule har solide røter, som vi er stolte av, og som vi bruker til beste for dei elevane som går her.

Skulen (eller skulane) på Eid har vore i jamn utvikling, og har heile tida prøvd å tilpasse seg nye krav som blir sette til det vidaregåande skuleverket. Krava vert ofte formulerte utanfrå og ovanfrå, men skulen har også vist evne til å ta indre grep for å utvikle seg og bli betre.

Yrkesfag

Eid vidaregåande skule kan vi seie har eit tredelt rotsystem - for å tale biletleg. Eine greina kan vi følgje så langt attende som til 1858. Då vart Holmøy Arbeidsskole starta opp på garden med same namn i Holmøyane.

«Skolens formaal er at gi unge lærelystne gutter en fagmæssig utdannelse i snedker-, smede – og malerarbeide igjennem 7 maaneders vinterkurser (1/10-30/4). Utdannelsen er lagt saa nær det praktiske livs behov som mulig. Arbeidsmodellerne er derfor væsentlig gaards- og nytteredskaber samt enklere møbler, der har sin anvendelse i et almindeligt gaardbrukerhjem. Der gives dog ogsaa undervisnig i finere arbeider som dreining, træskjæring, spaanarbeide, lakerarbeide, metalstøpning osv. En betydelig del av tiden anvendes ogsaa til tegning, geometri og almenoplysende foredrag». Slik lyder det i planane frå mellomkrigstida.

Holmøy arbeidsskule vart flytta til Øyane på Nordfjordeid i 1972 og fekk namnet Eid yrkesskuleklasser (seinare Eid yrkesskule), som igjen gjekk inn i det som vart heitande Eid vidaregåande skule frå  1992 av. I Øyane starta Eid yrkesskule også undervisning i elektrofag.

Arven frå Holmøyane er vel teken i vare på programområda TIP –Teknikk og industriell produksjon og Design og handverk, men sjølvsagt då med bruk av meir moderne teknikk og metodar.

Allmennfag

Grein nummer to i rotsystemet vårt kan vi følgje attende til hausten 1922. Då vart Eids toårige gymnas starta opp med ei klasse på latinlinja, som det fyrste toårige tilbodet på landsbygda. Gymnasa på Eid og på Sandane (3-årig) vart etablerte same året og var dei fyrste i fylket. Mogen og lærevillig ungdom frå heile landet var målgruppa for det toårige gymnaset, og i løpet av vel 60 år fullførte svært mange elevar frå Nord-Noreg sin examen artium på Eid. Siste toårige klassa vart uteksaminert i 1983.

Dei fyrste par åra heldt gymnaset til i ulike lokale i Nordfjordeid sentrum, både Betania og Losjehuset var undervisningslokale. Då Eid skulehus stod ferdig i 1924, flytte gymnaset inn der. Skulen utvida med reallinje i 1923 og engelsklinje i 1925. I 1939 gjekk latinlinja inn, slik at tilbodet var ei klasse på reallinja og ei klasse på engelsklinja fram til 2-årig opphøyrde i 1983. Eids gymnas fekk nye undervisningslokale på Prestebøen i 1966, med utviding i 1969 (blokk mot aust). Eid kommune tok på seg ansvar som byggherre, då fylkeskommunen si vurdering var at skulen hadde ei usikker framtid.

Treårige klasser vart starta opp i 1972. Utvida skulelokale stod ferdige ved årsskiftet 1976/77, og tente som undervisningslokale heilt fram til samlokaliseringa i 2009.

I dag kan vi seie at det gamle gymnaset er vidareført i det studiespesialiserande programområdet ved skulen.

Økonomiske fag

Til sist har vi ei grein av skulesoga som går attende til Kragseth handelsskule, som var starta opp i 1932 av Georg Kragset. Her fekk ungdom frå heile distriktet opplæring i dei tradisjonelle handels- og kontorfaga. Handelsskulen heldt til i Kragsethuset på Mel fram til 1977. I 1966 overtok Eid kommune drifta og endra namnet til Eid handelsskule. Skulen vart fylkeskommunal i 1971, før gymnaset og handelsskulen vart samanslegne i 1978.

Faga frå handelskulen finn vi i dag igjen både i programområdet Service og samferdsel og i økonomifag på studiespesialiserande.

Samlokalisering

Tre ulike privatskular har vorte offentlege, fylkeskommunale, og er i dag samla under ein paraply. Arven frå arbeidsskulen i Holmøyane, Kragseths handelsskule på Mel og Eids gymnas lever vidare i beste velgåande, sameina i Operahuset Nordfjord, som både er kommunalt og fylkeskommunalt.

Samspelet mellom kommunen og skulen gjev grobotn for vidare utvikling av tilbod ved skulen, og koplinga mot kultur er miljøskapande: Tenk berre på kor viktig biblioteket og kinoen er for skulemiljøet. Operasal med scena og gymmen har gitt oss eit unikt høve til å satse på ei årleg framføring av ein skulemusikal. Det har absolutt gitt miljøet vårt eit lyft. I tillegg gjev den kommunale idrettshallen oss ein plattform for satsing på allsidig idrett for alle elevane våre uansett programområde.