Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Påbygg i Myklebustskipet i Sagastad på Nordfjord.

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Påbygging til generell studiekompetanse gir moglegheit til vidare studium ved dei fleste høgskular og universitet. Til visse studiar er det spesielle opptakskrav, og ofte er kravet fordjuping i matematikk og/eller andre realfag. Eid vgs har påbygg både på Vg3 og Vg4 nivå. Påbyggingsåret er eit tøft skuleår med mykje teori og hard jobbing for å kunne få det vitnemålet du treng for å kunne studere vidare.

 

Tilbod ved Eid vidaregåande skule

Påbygg vg3

Inntakskrav Vg3

  • Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 i eit studeførebuande utdanningsprogram og Vg1 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram(kryssløp)

Fellesfag (701 timar/år)

Årstimar Fag Timar i veka
140 timar Historie 5 timar
140 timar Matematikk praktisk 5 timar
84 timar Naturfag 3 timar
56 timar Kroppsøving 2 timar
281 timar Norsk 10 timar
140 timar Programfag frå studiespesialiserande 5 timar

 

NB!

Har du brukt timar frå yrkesfagleg fordjuping på Vg1 og/eller Vg2 til for eksempel realfag, må du erstatte desse timane med tilsvarande timar i eit programfag frå studiespesialiserande utdanningsprogram.

Har du avslutta naturfag og hatt 140 timar matematikk på kryssløpet Vg1 studie og Vg2 yrkesfag må du bruke 140 timar på eit programfag frå studie eller yrkesfagleg utdanningsprogram (5 timar i veka)

Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse

Etter oppnådd yrkeskompetanse

Inntakskrav Vg4

  • Oppnådd yrkeskompetanse med fag- og sveinebrev
  • Oppnådd yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev

Fellesfag (645 timar/år)

Årstimar Fag Timar i veka
140 timar Historie 5 timar
140 timar Matematikk praktisk 5 timar
84 timar Naturfag 3 timar
281 timar Norsk 10 timar