Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Helsesjukepleiar har kontor i "hesteskoen" i første etasje. Anett Oen, som er psykisk helsearbeider, er her kvar tysdag.
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Helsesjukepleiarane våre
Anne-Lise og Elisabeth er helsesjukepleiarar hos oss.
Bestilling av time
Ta kontakt med helsesjukepleiar på mobil. Du kan også bestille time via miljøkoordinator, rådgjevar, kontaktlærar eller møte opp på kontoret når ho er der.
Kvifor skulehelseteneste?
Skulehelsetenesta ønskjer å delta på tilbod som kan fremme god helse og trivnad for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved andre felles arrangement ved skulen.
Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og fremme gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved andre felles arrangement ved skulen.
Elevar og personar kring eleven vert oppmoda om å ta kontakt dersom eleven treng oppfølging frå helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar kan vise veg vidare ved behov for kontakt med andre instansar.
Hugs at helsesjukepleiar, psykisk helsearbeider og skulelege har teieplikt.
Relevante nettsider
Fhi.no - Om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse
Ung.no - Still spørsmål og finn svar på det du lurar på
Sexogsamfunn.no -Senter for seksuell og reproduktiv helse og rettar