Hopp til hovedinnhold

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland

Føremålet med eit felles fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Vestland er å samle gjeldande reglar på ein stad og slik gjere regelverket meir tilgjengeleg for skulane og elevane. Eit felles reglement sikrar også størst grad av likebehandling mellom skulane. Fråværsreglementet er ei samling av dei gjeldande nasjonale reglane om fråvær og fråværsføring. I tillegg er det lagt inn lokale presiseringar der det er rom for det. Merk at reglementet er meint som eit supplement og ei rettleiing for dei gjeldande reglane.