Hopp til hovedinnhold

Hospitering på helsefag med studiekompetanse

Måndag 21. og tysdag 22. oktober var det klart for hospitering for alle vidaregåande skular i Nordfjord. I år hadde 10.klasse for første gong moglegheit å velje helsefag med studiekompetanse ved Eid vgs. Dette var eit populært val, og det kom hospitantar frå både Måløy, Stryn og Stad kommune.

Måndagen starta med generell informasjon om skulen og utdanningstilbodet vi skal starte til hausten. Elevar frå vg3 underviste i teori og hadde praktiske øvingar som hospitantane fekk utføre; Hjerte- lungeredning, Blodgruppebestemming, mikroskopering, blodtrykk, puls og oksygenmåling i blodet. Dei stilte mange gode spørsmål og var engasjerte i det praktiske arbeidet.

Tysdagen var vi på ekskursjon til Nordfjord sjukehus. Her starta vi i ambulansemottaket og ambulansepersonale fortalte om ulike utdanningar. Til no har det vore yrkesfagleg opplæring og læretid. Det blir truleg krav om høgskuleutdanning i Paramedic.

 Thomas m.fl. viste oss kva 3 bagar dei tar med inn til pasienten ved utrykning: Bag for sirkulasjon/respirasjon, blødningar og medikament, i tillegg til hjertemonitor (EKG) og saturasjonsmålar (O2).

 

Elevane fekk kome inn i ambulansen og forklart korleis denne velutstyrte bilen blir brukt. Tre personale demonstrerte så på dokke ein situasjon med livredning.

Deretter fekk vi møte Ragna Orheim Rafshol som forklarte og viste film om utdanning og yrke som bioingeniør. Lina Bjørkedag fortalte om sjukepleiaryrket og Synne Pisane (LIS-lege) om legeutdanning og legeyrket.

Etter det fekk elevane ta blodprøve og sjekke blodsukker, lytte med stetoskop, teste ulike refleksar med reflekshammar og prøve otoskop i øyrene.

Takk til dei som stilte opp frå sjukehuset!

To kjekke og lærerike dagar med hospitering er over, og vi gledar oss til fortsettelsen for dette spennande utdanningstilbodet ved Eid vgs.