Velkomen til hospiteringsdagar ved Eid vidaregåande skule ∞ med trivsel og læring midt i Nordfjord
Vi gleder oss til å møte mange 9.-klassingar frå fylket desse dagane, og vi ser fram til å vise dykk den flotte skulen vår, samlokalisert med Operahuset Nordfjord, Eid bibliotek og Eid kino. Her er det variert aktivitet og læring store delar av dagen og i helga.
Vår skule tilbyr musikalfag og breiddeidrettsfag til alle elevar, både på studieførebuande og yrkesfag.
Nytt utdanningsprogram hjå oss frå og med hausten 2025 er at skulen tilbyr «Helse og oppvekst - studieførebuande».
Tidsramma for hospiteringsdagane er som før frå kl. 10.00 til kl. 14.15 begge dagar. Måndag 17.03 vert det felles velkomst frå kl. 10.00 i kantineområdet/foajeen, og tysdag 18.03 avsluttar vi ved dei ulike utdanningsprogramma. Evaluering av dagane hjå oss vert gjort ved dei enkelte ungdomsskulane.




