Då var det plutseleg jul igjen! Tradisjon tru avslutta vi med juleturnering, musikk i operasalen og graut til lunsj.
Dagen starta i idrettshallen der elevane var med på både volleyball og innebandy, og det var god stemning både på og utanfor bana. Turneringa starta roleg, men etterkvart kom konkurranseinnsiktet fram og temperaturen steig i hallen etterkvart som finalen nærma seg.
I kantina fant vi desse blide ansikta, dei passa på at både elevar og lærarar fekk i seg mat og drikke. Kaffi, saft, pølse med brød og mandariner stod på menyen.
I haust har 10.klasse ved Eid ungdomsskule hospitert i valfaget Breddeidrett. Dei fekk stille med lag, og gjorde ein god innsats mot elevane frå vidaregåande.
Vinnarlaget i innebandy, 1sta, avslutta med å vinne 3-2 over lærarlaget.
I volleyballfinalen var det ein intens kamp mellom 3sta og 3auta. Her var det 3auta som stakk av med seieren, 22-13.
Som vinnarlag måtte 3auta deretter spele mot lærarlaget, der dei vann lett. Dette førte til at to av lærarane måtte farge håret, etter eit veddemål med elevane.
Vidare tok vi turen i operasalen der musikalelevane levert flott julesang. Vi har jammen mange flinke elevar ved denne skulen!
Dagen vart avslutta med felles graut i foajeen til både elevar og tilsette.
God jul til alle!