Ser du for deg ei framtid som sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit utmerka val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.
Helsefag– studieførebuande er eit 3-årig utdanningsløp ved Eid vidaregåande. Dette programmet skil seg frå Studiespesialisering ved at elevane tar programfag i Helse og oppvekst i staden for språkfag, geografi og religion. Du vil derfor ikkje ha framandspråk som spansk, tysk eller fransk.
Her får du praksisretta programfag i helsefag samtidig som du kan fordjupe deg i realfaga du treng for å studere medisin og andre helse- og psykologifag. Målet er å legge til rette for den helsefaglege forståinga du treng i høgare utdanning. Dette gir ei unik studiekompetanse. Du kan også velje andre programfag enn realfag og sikre deg generell studiekompetanse for å kunne studere andre fag enn medisin og helse etter vidaregåande skule.
Helsefag med studiekompetanse er eit nytt studieprogram på Eid vidaregåande skule, oppstart hausten 2025. Ein arbeider med fag- og timefordeling i tillegg til avtalar om praksis med eksterne aktørar. Det kjem meir informasjon om dette framover på heimesida.
Les om hospitering for 10.klasse her.