Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
For deg som
- likar å arbeide praktisk
- ønske å lære meir om ulike verktøy og maskiner
- likar å samarbeide med andre
- er nøyaktig og sjølvstendig
- er interessert i ny teknologi
Praktisk opplæring
Eid vidargåande har eit breidt og godt samarbeid med bedrifter innan fagområdet og samarbeider tett med lokalt og reigonalt næringsliv, og nyttar bedriftsbesøk og yrkespraksis som ein viktig del av opplæringa og vidare yrkesrettleiing/karriereval.
Skulen legg vekt på elevane sin trivsel og medverknad i skulekvardagen. Ein stor del av undervisninga er praktisk retta og nytt og moderne teknisk utstyr vert nytta. Entreprenørskap og arbeid med ungdomsbedrifter er eit satsingsområde.
På Eid vgs jobbar du tett opp mot arrangement i Operahuset Nordfjord. TIF-elevane er blant anna med og lagar kulissar, byggjer scene, sveiser lampar og lagar møblar og interiør til operaforstillingar og musikalar.
Elevane jobbar etter teikningar frå profesjonelle scenografar, lydesignerar og rekvisitørar og må verkeleg utfordre seg sjølv for å nå måla. Møbelbransjen er stor i vår region, og vi samarbeider tett med næringslivet gjennom trearbeidsringen.