Nedanfor vil du kunne lese litt om første skuledag ved Eid vgs, litt om skulekvardagen, utstyrstipend, PC ordning og skuleskyss. Treng du informasjon om linjene vi tilbyr, reglement eller liknande, så er der mykje informasjon om dette på heimesida til skulen.
Første skuledag
Første skuledag er 19.august, og då skal du møte i Operasalen på skulen kl.09.00. Her blir det felles informasjon for alle elevar, presentasjon av leiing og andre viktige vaksne for deg som elev. Etter økta i Operasalen går du med din klasse og din kontaktlærar.
Som vg1 elev er du i lag med kontaktlærar og klassa nesten heile fyste skuledag. Draumeskulen er eit opplegg som skal gjennomførast allereie fyste skuledag.
Skulekvardagen
Skuledagen ved Eid vgs startar kl.08.50 kvar dag. Dagane er litt ulike med tanke på kva linje du går på, men dei lengste dagane vare til kl.15.55. Du vil få opp din eigen timeplan i ein app/ eit program som heiter Visma InSchool. Dette vil du få hjelp til å ta i bruk i løpet av dei fyste dagane på skulen.
I løpet av fyste veka vil du få ut lærebøker frå biblioteket. Her må du signere ein avtale på at du skal ta godt vare på utstyret. Er du under 18år må føresatte og signere. På yrkesfag vil du i tillegg få ein «startpakke» med utstyr som du treng i kvardagen.
Utstyrstipend
Hugs å søke utstyrstipend med lånekassen. Dette kan du gjere etter at du har fått vite kva linje du er komen inn på. Dette er ei ordning som gjeld alle elevar på vidaregåande skule, og som skal gå til utstyr du brukar på di linje.
Her er ei lenke til informasjon om ordninga.
PC ordning
Skal du starte på vg1 ved Eid vgs så må du ha bærbar PC, helst frå fyste skuledag. Informasjon om ordninga finne du under:
På vg1 linjene på yrkesfag får ein installert større program knytt til ulike maskinvarer vi har på skulen. Desse programma treng plass, så tenk gjennom det før du eventuelt vel PC. PC-en skal kun brukast til skulearbeid, både heime og på skulen.
På skoleportalen.no er der mykje nyttig informasjon til deg som elev. Det er her du kan endre passord, finne lenke til programvare og liknande.
Skuleskyss
Skal du reise med buss til skulen til hausten? Då må du hugse å søkje om skuleskyss når du tek imot skuleplass. Du søkjer på skyss.no om du bur i Vestland, og skoleskyss.mrfylke.no om du bur i Møre og Romsdal. Dersom du har rett til gratis skyss, får du busskort eller billett på mobil ved skulestart (appen Skyss Billett).
Då er det berre igjen for oss å seie; VELKOMEN som elev ved Eid vidaregåande skule! Dette skal bli eit kjekt og lærerikt år.