Hopp til hovedinnhold

- Leiing startar med sjølvleiing

Elevar ved Eid vgs og andre interesserte fekk onsdag med seg eit inspirerande foredrag av Marco Elsafadi om korleis skape gode relasjonar på skule og jobb.

Nordfjordakademiet, Nordfjord Opplæringskontor, Inviro AS og Nordfjordrådet inviterte onsdag til eit inspirerande fordrag med Marco Elsfafado. Han har arbeidd med relasjonsbygging i over 25 år og har blitt kjend i Norge som relasjonshøvdingen. Med tema «Samspel som skapar energi og vekst» fortalde han om korleis godt arbeidsmiljø skapar gode resultat. Stikkord som «glede, tryggleik og trivsel», fortel Marco er viktig for å skape eit godt arbeidsmiljø.

Vel kampane dine

Elsafado meiner at ein sjølv vel om ein vil gå inn i ein konflikt eller ikkje. Elsafado seier at mange prøver å peiker på andre når noko skjer seg. Elsafado fortel at det berre er seg sjølve ein har makt til å forandre. Han brukte karrieren sin som basketballspelar i norsk elite som døme. Gjekk det dårleg på banen, hjelpte det ikkje å klage på dommaren. Laget måtte jobbe betre saman for å skaffe poeng til siger. Dermed vart miljøet i garderoben avgjerande for kor godt dei presterte på bana.

Slutte å slumre

- Leiing startar med sjølvleiing, seier Marco Elsfafado. Eit enkelt døme er kor disiplinert ein er med å stå opp om morgonen. Han sjølv har slutta å ha klokka på slumring og dermed fått ein betre start på dagen. Han rår å stå opp når klokka ramlar. For å skape positive tankar i hovudet bad han alle i salen om å lage ei liste på eit til tre punkt over ting dei var takknemlege for og legge den ved mobilen før ein la seg. Då dei vaknar om morgonen og slår av alarmen, skulle dei lese gjennom lista og dermed få ein positiv start på dagen. Kjensla av å vere positiv og opplagt vil gjere det lettare å ha ei positiv haldning gjennom dagen, noko som igjen skapar energi for ein god skuledag/arbeidsdag.

Øving gjer meister

Marco Elsafadi poengterte at skal ein bli god på noko, så må ein øve mange gonger. Ein må repetere. Dersom ein ønskjer å øve inn ein ny god vane, må ein repetere 30 gonger før det blir automatisert. Vil ein starte å trene, blir dette automatisert etter minst 30 økter. Trener ein til dømes to gonger i veka, så må ein trene i 15 veker før går av seg sjølv å dra på trening.

Betre klassemiljø

Elevar på vg2 økonomistyring og vg3 økonomi og leiing fekk oppleve Marco Elsafadi sin sprudlande energi på scena. Karoline Stokke fortel at ho vil ta med mange gode idear tilbake i klasserommet.

- Eg  har lært å skape ein gode relasjon til meg sjølv og samfunnet rundt, seier ho. 

Vidare har ho lært å styre humøret med tankane og dermed kunne bli den beste versjonen av seg sjølv.

- Det du fokuserer mest på, blir du meir av, seier Karoline Stokke. Marius tykte at Marco nytta mange morosame ordtak for å understreke poeng. Å bli sin eigen lykke smed, var eitt av desse ordtaka.

- Eg har lært korleis ein snakkar om folk på rett måte. At ein ikkje kritiserer, men muntrar opp, fortel Marius Steintveit. Å kunne prøve og feile, var også noko elevane meinte er viktig å ha rom for.

- Eg har lært at ein ikkje skal vere redd for å gjere feil, men kunne prøve og feile, seier Silje Hjelle. Ho vil ta med seg dette i skulearbeidet vidare.