Onsdag 26.Februar hadde klassen økonomi og leiing eit spennande bedriftsbesøk hos Sparebank 1 Sogn og Fjordane sitt kontor på Nordfjordeid. Banken er den største i Sogn og Fjordane og har om lag 50% av marknaden i fylket. Dei tilbyr tenester innan daglegbank, sparing, forsikring og ulike lån, og har ein viktig rolle både for privatkundar og næringslivet. Banken har rundt 310 tilsette og 13 kontor i regionen, inkludert Bergen. I 2023 delte Sparebankstiftinga ut heile 56,4 millionar kroner av overskotet til lokale idrettslag og organisasjonar, noko som viser banken sitt sterke engasjement for lokalsamfunnet.
Under bedriftsbesøket fekk vi innblikk i korleis banken arbeider med finansiell rådgjeving. Vi lærte om korleis dei hjelper kundar med ulike behov, som daglegbank, sparing i fond og aksjar, forsikring og kredittar til utstyr, eigedom og byggjeprosjekt. Banken har eigne bedriftsrådgjevarar som jobbar tett med næringslivet i regionen.
Eit interessant tema var vurderinga av bedriftskundar som søkjer finansiering. Banken ser på faktorar som forretningsmodell, marknadsposisjon, konkurrentar og økonomiske nøkkeltal som inntekter, utgifter og gjeldsgrad. Dei vurderer også berekraft og arbeidsmiljø, samt om bedrifta har ein trygg og sunn økonomi.
Banken sitt digitale tilbod blei også diskutert. Sparebank 1 sin mobilbank er blant dei beste i landet og har høg brukartilfredsheit. I EPSI Ratings si undersøking blant bankkundar i Norge kom mobilbanken på andreplass.



Vi fekk også høyre om banken sitt samfunnsansvar. Sparebank 1 har dei siste fem åra delt ut 200 millionar kroner til samfunnsnyttige formål og sponsa lokale arrangement og bedrifter som Malakoff, Harpefossen skisenter og KM Futsal for ungdom. I tillegg har banken støtts skulen med hjelp av musikal og diverse valfag. Banken er ein viktig støttespelar for utviklinga av lokalsamfunnet og næringslivet i fylket.
Besøket ga oss eit verdifullt innblikk i korleis banken arbeider og kva rolle den spelar i økonomien. Økonomi og leiing takkar for eit lærerikt og inspirerande besøk!
No gler vi oss til økonomitur til Oslo, der vi skal besøke Norges Bank og fleire!