Hopp til hovedinnhold

Engelskfaget på bedriftsbesøk hos Eid elektro

Felles bilde foran Eid Elektro

Onsdag 14. mai var 1ELA og 1ELB på bedriftsbesøk hos Eid elektro. Bedriftsbesøket var lagt til engelskfaget sidan litt av målet med turen var å finne ut korleis Eid elektro arbeider med kundebehandling, som er eitt av emna vi jobbar med i engelsktimane.

 På Eid elektro vart vi møtte av Tore Hjelle som er dagleg leiar i bedrifta. Han tok oss med til eit flott møterom i den nyaste delen av bygget og fortalde oss om bedrifta, kva fagfelt dei arbeider innanfor og sjølvsagt hadde Hjelle fokus på rekruttering i bransjen, jenter på elektro og god kundebehandling. 

Tore Hjelle fortalde vidare om utvikling av bedrifta, planer om nybygg ved hovudkontoret på Nordfjordeid og dei ulike avdelingane på Stadlandet, i Syvde og i Bergen. Mange av dei tilsette både på Nordfjordeid og i dei andre avdelingane er rekrutterte i Nordfjord og mange har gått på Eid vgs. tidlegare.  

Noko som Tore Hjelle også la vekt på, er god kundeservice. Han forklarte at han er veldig opptatt av å svare kunden så snart som mogleg. Vidare nemnde han kva som krevst av fagarbeidarane og kva han ser etter når dei tek inn nye lærlingar. Her kom det fram at bedrifta ser etter lærlingar som viser initiativ, møter presis og er til å stole på. Dette er gode tips som vi tek med oss vidare i utdanninga vår.  

Etter fordraget fekk vi omvising i lokala i Øyane. Vi fekk mellom anna sjå administrasjonsfløyen, tavleverkstaden, lager og område som bedrifta planlegg å bygge ut. Vi fekk også helse på ein del av dei tilsette som ikkje var ute på oppdrag. Det var veldig kjekt! 

 Vi takkar Eid elektro for at vi fekk kome på besøk og kanskje møter de i Eid elektro enkelte av årets elevar som lærlingar ein gong i framtida.   

 Helsing elevane i 1ELA og 1ELB 2025 og faglærarane Sigrid, Charlotte og Ragnhild