Hopp til hovedinnhold

Bedriftsbesøk på REMA 1000

 Mann står og pratar.

Før vinterferien var det bedriftsbesøk hos REMA 1000 for nokre av økonomielevane på studiespesialiserande. Kjøpmann Frode Taklo, losa oss godt gjennom besøket.

Gjennom REMA sitt opplæringsprogram er det gode høve for å utvikle seg og få høve til å starte som eigen kjøpmann. Frode fortalte om sin veg og sine grunngjevne val fram til han fekk sin eigen REMA butikk på Stokkenes. Noko av grunnen var dei utviklingsmoglegheitene han såg føre seg i området som ei godt supplement til det som skjer i sentrum.

Noko av bestillinga vår til Frode, var at vi ønska var at han skulle seie noko om marknadssituasjonen og konkurransen blant daglegvarebutikkane på Eid. Slik vi oppfatta det, er det gode høve for alle daglegvarekjedene vi har på Eid. Konkurransen mellom kjedene er styrt frå sentralt hald når det gjeld utsalspris på varene.

Frode hadde harde oppstartsår, men føler no at han får igjen for innsatsen gjennom bedra resultat og han var ekstra godt fornøgd med overskotet i 2023. Tidlegare år sine underskot er dekka inn og han kan investere meir inn i eigen butikk ved å kunne kjøpe utstyr i butikken som han kan eige sjølv. Det er meir lønnsamt å eige sjølv contra å leige utstyr gjennom REMA.

I tillegg fekk vi kunnskap om korleis leverandørar kjøper seg hylleplass for at deira produkt skal få gode plasseringar i butikken. REMA har eit godt datasystem som gjer at dei har god kontroll på varelageret sitt og varer som nærmar seg utløpsdato og er utgått på dato.

På spørsmål om han tankar om søndagsope butikk, så har han ikkje noko ønskje om ha det og meinar det helde med at Bunnpris på Eid har søndagsope. Han understrekar og at det er store kostnadar ved å gje eit slikt tilbod.

Artig og bevisstgjerande å høyre litt om konsekvensen av miljøavgifta på handleposer. Vi skjønna at det samla kan verte mange tapte kroner om dei i kassa ikkje følg opp og tek betaling for posen. Kundane må ta sin del av avgifta, om dei ikkje huskar å ta med eigne handlenett.

Vi må og rose REMA 1000 for at dei gjev mykje tilbake til lokalsamfunnet gjennom innbetalt skatt og støtte dei gjev til lag og organisasjonar i nærmiljøet.

Tusen takk for at du tok imot oss, Frode Taklo.

Husk å ta med eige handlenett.

Kari-Lise Solheim, faglærar