Hopp til hovedinnhold

Økonomielevar på bedriftsbesøk hos REMA 1000

Bilete av ein rema 1000 butikk

Økonomielevane på studiespesialiserande har vore på besøk hos Frode Taklo på REMA 1000.

Frode fortalte om si utdanning, si arbeidserfaring og snakka om utviklingshøve ein har gjennom REMA sitt opplæringsprogram.

Det var svært interessant å høyre om Frode sin veg fram til han vart kjøpmann og fekk investere i sin eigen REMA butikk.

Han informerte litt om marknadssituasjonen og konkurransen blant daglegvarebutikkane på Eid og utfordringane dei og andre bransjar står ovanfor no knytt til prisstigning i samfunnet.   

Lønnsemda og kva han sitter igjen med fekk vi og litt innblikk i, og han forklarte at det tek tid å bygge opp nye verksemder. Han ville satse på Stokkenes grunna planane som elles ligg for område rundt i høve nye og spennande butikkjeder.

Frode fortalde og at dei auka straumprisane vi no opplever, er det som påverkar prisen vi betalar for matvarene mest. I tillegg fekk vi kunnskap om korleis leverandørar kjøper seg hylleplass for at deira produkt skal få gode plasseringar i butikken.

Elles fekk vi innblikk i andre ting som er viktig i daglegvarebransjen slik som lønnskostnadar, vareutval og profil, svinn, effektivt varelager grunna t.d. datostempling og vareteljing.

REMA 1000 er ei av dei daglegvarekjedene som gjev mykje tilbake til lokalsamfunnet gjennom skatt og støtte til lag og organisasjonar i nærmiljøet.

Vi har fått stor respekt for arbeidsinnsatsen ein må legge ned som kjøpmann og moglegheitene ein har som tilsett, til utvikling gjennom REMA 1000.

 

Tusen takk for at du tok imot oss, Frode Taklo.

 

Mvh

Kari-Lise Solheim og Renate Ness

Faglærarar i økonomi