Torsdag og fredag denne veka har Biologi 1 ved Stryn, Firda og Eid vgs vore på ekskursjon til Raudfjell på Nordsida i Stryn.
Hensikta med ekskursjonen har vore å lære litt om økosystema og klima på ulike lokalitetar. Sjå på kva abiotiske tilhøve vi finn i fjellet og kva som kjenneteiknar dei ulike sonene. Elevane gjorde også ruteanalyse på rabbesamfunn og snøleiesamfunn, og målte vind og temperatur, for å sjå korleis planter tilpassar seg i fjellet. Det vart også teke vassprøver i fjellvatn for å sjå på kva artar vi finn der. Elevane såg også på og drøfta kvifor fjellet er spesilet sårbart for endringar og menneskelege inngrep. Vi såg også på og drøfta korleis folket på Nordsida har utnytta naturen gjennom tida, og dei endringane vis ser i form av gjengroing.
Tillegg til dette var det mykje soisalt liv med spel og moro.
Bilete frå ekskursjonen
