Hopp til hovedinnhold

Fagdag i kroppsøving

Ei klasse med elevar står klare til å gå tur.

Fredag 9.september hadde 3stb fagdag i kroppsøving med friluftsliv. I vekene før har vi arbeidd med læreplanmåla for dagen, som handlar om samarbeid om oppgåver, og refleksjon over korleis eigen medverknad kan påverke andre. I tillegg har vi planlagt aktivitetar ute.

Elevane delte seg opp i fire grupper og la felles planar for aktivitetar vi kunne gjennomføre, og for mat og grilling. Vi diskuterte kva type uteaktivitet og friluftsliv vi ynskte å ha, og enda på fjelltur. Ein dag på fjellet, sjølv i fint ver, vert betre med mat, drikke og riktig utstyr, så dette vart diskutert. På turen var det også mål om å hjelpe kvarandre og sjå til at alle hadde ein så fin dag som mogeleg!

Turen gjekk frå parkeringsplass på Rindane til Hjellesetra, der vi hadde «Capture the flag», vidare til Rindehornet og Gildra. På Gildra hadde vi matpause med bål, grilling og sosialt samvær i det nydelege veret. «Capture the flag» er ein aktivitet fleire grupper hadde foreslått, og vi hadde med utstyr til dette. Klassa vart delt i eit gult og eit raudt lag, og etter to omgangar, mykje springing, halenapping, flaggsteling, luring, samarbeid, roping og litt bryting rundt sela på Hjellesetra, stod det 1-1, og vi vart einige om at det var eit resultat vi var nøgde med. Sola skein, humøret var godt, og vi var einige om at dette hadde vore ein super dag og ein flott tur😊

 

Tone; kroppsøvingslærar og kontaktlærar