Hopp til hovedinnhold

Fagdag med 3sta

Fredag 26.september '25 hadde 3sta fagdag i kroppsøving. Læreplanen i kroppsøving for vg3 seier mellom anna at vi skal planlegge og gjennomføre uteaktivitet og friluftsliv i nærområdet. Vi skal også samarbeide om å løyse praktiske oppgåver og lære meir om korleis vi kan ha ein helsefremjande livsstil etter avslutta skulegang. Difor har vi gjennom kroppsøvingstimar i vekene før fagdagen samarbeidd om å bestemme turmål og lage turgrupper.

Gruppene har hatt ein gruppeleiar, og gruppene har samarbeidd om å ta med mat, førstehjelpsutstyr, ved og planlegge ein aktivitet for klassa i løpet av fagdagen. Vi har lært meir om sporlaus ferdsel og allemannsretten, i tillegg til å snakka om korleis vi førebur ein slik dag i høve utstyr og klede, kva vi skal ha i sekken, og kor viktig det er å følge med på vermeldinga! 

Fredag 26. september kom med heilt fantastisk ver! Det var kjølig om morgonen, men elevane var godt kledde. Vi køyrde til Rindane, der vi følgde stien oppover mot Hjelle-setra. Vel oppe fann vi fram bålpanne og grill som vi hadde vore så heldige å få låne av setre-folket - tusen takk! - og vi hadde matpause i strålande sol og godt selskap. Etter maten hadde vi ulike aktivitetar som gruppene stod for, før vi dessverre måtte setje nasen heimover. FOR ein fantastisk dag dette vart, og fleire av elevane meinte vi burde hatt ein slik dag kvar veke:) 

Tusen takk for turen, 3sta - strålande gjennomført på alle måtar:)