Hopp til hovedinnhold

Folkemøte om ungdom og rus

Plakat med info om folkemøte om rus. Bilete av ein gut som vis fingeren og informasjon om dei som skal snakke på møtet.

Norsk narkotikaforebyggende forening inviterer til folkemøte om ungdom og rus måndag 6.mai kl.18.30 i Operahuset Nordfjord.

Er tenåringsforeldre naive – veit dei eigentleg kva som skjer i ungdomsmiljøa?

Mange foreldre og andre vaksne er bekymra for rus- og kriminalitetsutviklinga blant ein del unge.  På dette folkemøtet blir det gjeve oppdatert informasjon om lokale forhold, samt mykje faktainformasjon om korleis vi saman betre kan handtere situasjonen og bidra til førebygging. 

– Velkomen ved ordførar Sigurd Reksnes
– Rus- og narkotikasituasjonen i Stad ved politikontakt Christine A. Danielsen
– «BRY DEG»-foredrag ved Torbjørn Nervik d.y.
– «TØR DU?» ved Arne Bratland, pårørande

www.brydeg.no

Møtet er ope for alle, gratis og utan billettreservasjon