Hopp til hovedinnhold

Musikalen Grease!

Ordet grease står stort framme på scena i form av lysbilete. Rosa skrift med gul bil rundt.

I morgon torsdag 29.februar og fredag 1.mars kan du sjå musikalen Grease på Eid vidaregåande skule. Elevane som har valt musikk, dans og drama som programfag fekk i kveld, gjennom generalprøva, vise fram resultatet av det dei har arbeida med sidan tidleg haust.

Det kunstnariske teamet med Eirik Risholm Velle (regissør), Toril Hembre Runderheim og Gislaug Heinum i spissen har saman med elevane, som er frå ulike utdanningsprogram, brukt mykje tid på å sette opp musikalen Grease - og i kveld fekk nokon heldige sjå resultatet. Det er berre å glede seg! - her vil ein bli imponert over dansinga, synginga, innlevinga og alt av rekvisittar og lysbilete rundt.

Arbeidet bak scena

Scena består fyst og fremst av ei tribune. Denne har nokre elevar på vg1 teknologi- og industrifag vore med å sette saman. Dei har og produsert mikrofonen ein kan sjå i ei av scenene. Elevane på vg1 frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE) har overflatebehandla tribuna. Dei har i tillegg laga mange ulike rekvisittar som du kan sjå i dei ulike scenene i musikalen. Dei har laga radiobrett, blad til å lese i, røykpakkar, plakatar, trykk på t-skjorte og genser, laga cheerleading duskar, matpakkar og litt anna. Nedanfor kan du sjå nokre bilete av dette.

Vg2 frisør har hatt ansvar for hår og sminke i lag med nokre elevar på vg1 FBIE. Dei har jobba mykje med forarbeid og har kvar kveld denne veka vore igjen etter skulen for å lage klar dei som skal på scena. Godt jobba!

Plakaten som ein muligens har sett rundt om på skulen og andre plassa i forkant av musikalen er og laga på vg1 FBIE. Samme elev har i tillegg laga bileta ein kan sjå i fleire scener på musikalen.

Eit godt samarbeid både bak og på scena har gitt eit utruleg godt resultat. Møt opp, les gjennom programmet og bli imponert! Følg med på Facebook og Instagram for fleire flotte inntrykk.