Torsdag 19.november tok vg2 elektro turen til Møre Trafo i Sykkylven.
Møre Trafo er ei familiebedrift som har produsert transformatorar heilt sidan 1951 og nettstasjonar/transformatorkioskar nesten like lenge. Etterspørselen etter transformatorar er stor og bedrifta produserer ca. 60stk i veka.
Bedrifta gjer ein formidabel jobb med å stadig utvikle nye produkt og nye metodar å produsere på, samt å holde tritt med dei internasjonale krava. Både miljøkrav og krav til dei elektriske eigenskapane til trafo.
Vi vart godt tatt imot og fekk ei interessant omvising av Nils Johan og Vegard på den store fabrikken. Vi fekk sjå heile prosessen, frå korleis råvarene vart frå metallblikk og leiartråd til kjerneblikk og spolar. Som til slutt vart plassert i