Ein treng ikkje reise langt for å ha ei innhaldsrik klasseutflukt! "Dette gjorde dagen min!" var kommentaren til nokre av elevane frå 3STA som besøkte Nave Hjortefarm fredag 29.mai.
Klassa har jobba og spart pengar til turen, med pant og inntekter frå Cafe ved skulen sin musikal! Alle var enige om at det hadde vore ein flott dag, med varierte aktivitetar som paintball, bogeskyting, båtliv, øksekast, kortspel, grilling, og masse kos med nokre av dyra.



Geitekillingar er kjempesøte, men når 6 vekers gamle hundekvelpar inntek plassen, sette heile ungdomsgjengen seg rett ned på bakken for å sikre seg ein skikkeleg kvelpekos. Ein perfekt dag!




