Hopp til hovedinnhold

Kreativt samarbeid!

To elevar står i kvar sine gardintrapper og heng opp sommarfuglar på vegg.

Interiør og Eksponeringsdesign vg2 takkar for spennande og lærerikt arbeid for OperaNordfjord og oppfordrar alle til å kjøpe billett og sjå den nydelige Operaen LA Traviata.

Vi er heldige som får lov til å vere med på dette og som får samarbeide med scenograf Yngvar Julin og rekvisittør Anndi Bergset.

I dette arbeidet får vi utfordringar og må arbeide med å finne gode løysingar, og det er erfaringar som er gode og ha med seg vidare. Elevar og lærarar fekk sjå generalprøva og vi vart alle dregne inn i det som skjer på scena. Inspirert av scena og handlinga laga Interiør og Eksponeringsdesign sommarfunglar i foajeen.

Så har du ikkje sett årets opera La Traviata, så ikkje bli for sein, - siste framsyning er 8.oktober.