Fredag 16. mai fekk vi som går førsteklasse på studiespesialiserande ved Eid vidaregåande skule, moglegheita til å besøke SFE på Sandane. SFE overraska med eit splitter nytt opplegg og godt humør. «Dette var ein spennande dag som engasjerte oss i arbeidet til SFE» seier Idalia Reksnes som var ein av dei heldige som fekk vere med på turen.
Turen starta tidleg på morgonen der vi vart fordelt på ulike minibussar og bilar. Køyreturen inn til Sandane var ein god moglegheit til å vere sosial, og ta seg ei svele på ferja. Når vi kom fram til hovudkontoret til SFE på Sandane blei vi møtt med opne armar og store smil av dei tilsette, og Jannicke Lindvik ønskja oss velkommen. Vidare informerte nokon av dei kompetente folka som jobba på SFE oss om naturresursar, landskap og kraftproduksjon. Til slutt kom Kjell Petter Solhaug frå Gloppen kommune, og fortalte om dei nye reguleringsplanane kommunen har laga i samband med den auka fara for ekstremvêr. Dette var svært interessant med tanke på den globale klimasituasjonen vi alle står overfor i dag. Vi fekk og høyre om kva SFE er og kva dei arbeidar med.
SFE står for Sogn og Fjordane energi, og oppstod under samanslåing av mange lokale kraftselskap 2003. I dag jobbar SFE i hovudsak med kraftproduksjon, og har eit tydleg fokus på lokal verdiskaping. Dei seinare åra har SFE blitt viktig innan fornybar energi, og bidreg til klimamåla gjennom berekraftig drift. SFE har og ein produksjonssentral som har ansvar for å regulere kraftproduksjonen og omsetje den, og vi fekk moglegheita til å sjå korleis dei arbeidar på produksjonssentralen. Der er arbeidsdagen variert og spennande, og besøket inspirerte mange av oss til å velje utdanning retta mot fornybar energi.
Vidare gjekk turen til Eidsfossen kraftverk der SFE spanderte ein god lunsj med nysteikte pølser. Så kom det som for mange var høgdepunktet med dagen, vi fekk nemleg lov til å bli med inn på kraftverket og sjå korleis rørsleenergien i vatnet blei om til elektrisk energi. Dette var svært relevant for dei av oss som skal gå vidare på realfag neste år.
Medan nokon besøkte kraftverk fekk andre ein innføring i dyrelivet ved Eidsfossen. Geir Rune Rauset kunne mykje om fiskeforvaltninga i elva og fortalte om dei engelske fiskelordane som introduserte Noreg for sportsfiske. Han fortalte og om korleis oppdrettslaksen påverkar villaksen og kva som blir gjort for å bevare det naturlege økosystemet i elva på best mogleg måte. Vi fekk og høyre om geologi og resursar i området, før turen blei avslutta med ein velfortent is.
Vi er svært takksemda for denne kjekke dagen som SFE arrangerte for oss. Dagen var lærerik og triveleg, ikkje minst sosial. Dette er noko vi håpar fleire kan få moglegheita til dei kommande åra.
Helsing elevane ved studiespesialisering på Eid vidaregåande skule.
Skrive av Mathilde Dæmring og Karoline Løken-Nesthun.