Hopp til hovedinnhold

Språkdebatt i 2STA

Fleire elevar står i lag og held skilt opp med namn til ulike forfattera.

Torsdag 11. april var det duka for språkdebatt i klasserommet til 2STA! 

Korleis trur du det hadde utspelt seg dersom Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven, P.A. Munch, Knud Knudsen, Ivar Aasen og Asbjørnsen og Moe møttest i same rom for å diskutere språksituasjonen i Noreg ein gong på 1800-talet? 2STA jobba med læreplanmålet "gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i dag" i mars og april, og for å oppsummere dette arbeidet, arrangerte me ein språkdebatt. Me delte klassen i to, og elevane fekk tildelt rollekort med ein viktig person frå språkdebatten på 1800-talet. Vidare blei oppgåva å setje seg inn i kva alle dei ulike personane meinte og kva betydning dei hadde i språkdebatten på 1800-talet, for å vere godt rusta til å kaste seg inn i diskusjonen om korleis det norske språket skulle vere i framtida.  
 
Alle hadde førebudd seg godt, og det blei frisk og patosfylt diskusjon i begge debattane. 
 
 
Skrive av faglærar i norsk, Marianne Valeberg Nes