Hopp til hovedinnhold

Økonomielevar på studietur til Bergen

Sander Smørdal i TV2 står framfor ein skjerm det står nyhetene på.

Økonomielevane på studiespesialiserande har vore på Open dag i Bergen med fokus på mellom anna vidareutdanning innan økonomifag. I tillegg fekk vi toppa turen med eit bedriftsbesøk hos TV2, der Sander Smørdal sporty tok imot oss og viste oss rundt.

Turplanlegging var det sjølvsagt elevane som stod for. Budsjett vart laga og godkjent før elevane laurdag morgon kunne sette seg på båten til Bergen og sjå fram til to fullstappa dagar med faglege og sosiale aktivitetar.

Laurdag etter innsjekk gjekk vi rett til Handelshøgskulen BI. Målet var å verte kjent med skulen og få lære litt om kva moglegheiter og utdanningsval BI tilbyr.

Gjennom ulike paneldebattar vart vi kjent med studentar som fortalte om deira opplevingar knytt til deira utdanningsval og val av høgskule. Studentane gav oss ei omvising på skulen og fortalte om alle fasilitetane studentane kan nytte seg av, kantine, bar, eiga strand og lesesalar i alle variantar.

Det sosiale vart godt ivareteke gjennom ei triveleg og humoristisk stund med felles middag. Dette fortsette ved frukostbordet søndag morgon, før turen gjekk vidare til bedriftsbesøk hos TV2 i Media City Bergen. Eidaren Sander Smørdal, sportsanker i TV2,  tok imot oss og hadde laga eit flott opplegg. Han var vaktsjef i TV2 sporten i helga og det var imponerande at han fant tid til oss.  Vi er svært takksame for det. Sander gav av seg sjølv og fortalte om si karriere i TV2 og korleis det er å jobbe der. Ekstra stas var det at nokre av oss fekk prøve korleis det var å sitte i «nyheitsstolen» og skulle lese dagens 12-nyheiter på «direkten».

Første kjendis vi møtte på var nyheitsanker, Siren Henschien. Vi fekk innsyn i korleis nyhendene vert produsert, og ho forklarte kor viktig det er å heile tida vere førebudd på at ein plutseleg må ta inn evt. store hendingar som skjer og at ho som nyheitsanker må kunne stille spørsmål og kunne utføre intervju på direkten.

På omvising møtte vi og eidaren, Geir Johnny Huneide, fotojournalist og dronepilot i TV2. Han jobbar mellom anna tett på med redaksjonsleiarane og vaktsjefar for å få feilfrie sendingar på lufta.

4 elevar fekk seg ein liten tur i fotballstudio, der fekk vi sjå og høyre om generelle investeringar som er gjort og dei himla stor kostnadane som er på utstyr som vert brukt i produksjonen og dei store kostnadene som er knytt til rettigheiter. TV2 har hatt ei stor satsing på teknologi for å hevde seg som den beste kanalen.  

Resten av dagen brukte vi på Studentsenteret i Parkveien der elevane var påmelde ulike foredrag. I ledig tid hadde dei høve til å gå på stand der fleire høgskular i Bergen var representert.

Dette vart ein lærerik tur på mange områder for både lærarar og elevar.  

Veldig kjekke elevar å ha med på tur!

Renate Ness og Kari-Lise E. Solheim
Faglærarar i økonomi