Hopp til hovedinnhold

Tur til Tongane kystfort

Seks elevar og ein lærar står saman på bilete framfor ein mur.

2STB og 2STA har vore på tur ved Tongane kystfort.😊 Der har vi sett på ruinar frå krigen og fått utforska korleis soldatane hadde det under andre verdenskrig.

Dette har vore svært lærerikt og artig, i tillegg har vi fått bruke heile kroppen ved å gå til og frå lokasjonen.💪🏼Vi hadde lunsj ved kanonene der det var grilling og eting av nudlar. 🍜Vi avslutta med ein quiz der vi skulle drage inn informasjon Arild Heggen hadde fortalt til oss gjennom turen. Superfin tur! (Tekst frå elev)

 

Lærarane på turen fikk god hjelp av Roar Finn Brenne, som både guida oss trygt fram og bidrog med spanande kunnskap om området og krigen. Både elevar og lærarar er svært takksame for dette.