Hopp til hovedinnhold

Velkomen til nytt skuleår

Bilete av Eid vgs og Operahuset Nordfjord

Velkomen til nytt skuleår ved Eid vgs måndag 21. august. Vi vil særleg ynskje vg1 elevar og nye vg2, vg3 og vg4 elevar hjarteleg velkomne til skulen. Vi gled oss stort til å kome i gang.

Vi startar med felles samling  i Operasalen kl. 08.55 der det vil bli litt informasjon før ein blir med sine kontaktlærarar og klasser til klasseromma.

 

Praktisk informasjon

Her finn de oversikt over viktig informasjon og diverse skjema de må fylle ut:

Søk Lånekassen om stipend/lånhttps://lanekassen.no/nn-NO/

  • Alle som går på vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend. Summen vil variere avhengig av kva utdanningsprogram du skal gå på.
  • Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.
  • Hybelbuarar med over 40 km reiseveg, eller reisetid på meir enn 3 timar om dagen, eller andre særlege årsaker til at dei ikkje kan bu heime, har rett på bortebuarstipend.
  • Du kan søke om stipend/lån når du har fått stadfesta skuleplass.

 

Lenke til bestilling av elev-pcElev-PC - Vestland fylkeskommune

  • Tilbodet gjeld kun for vg 1 -elevar. Du vil difor ikkje få tilbod om kjøp av elev-pc med rabattert pris gjennom fylkeskommunen i vg 2 eller vg 3.
  • Elevar ved vaksenopplæringa som startar direkte på vg2 eller vg3 pga tidlegare realkompetanse, har også rett til å bestille pc.
  • Ved bestilling er det elev som må logge seg inn for å bestille. Dersom andre enn vg1-elev med bekrefta skuleplass loggar seg inn, vil ikkje bestillinga bli godkjent.

 

Elevar med rett til skuleskyss må bestille dette her:
 Velkommen til Skyss Elev! - Skyss Elev (vlfk.no)

  • Du kan velje mellom å ha eit fysisk skuleskysskort eller å få billetten på mobil. Dersom du ynskjer fysisk kort kryssar du ikkje av at du vil ha billetten på mobil og hoppar over trinna under som gjeld dette.

    Elevar som ynskjer fysisk skuleskysskort og ikkje har hatt skuleskysskort på vidaregåande skule tidlegare, vil få nytt kort utlevert på skulen i løpet av dei første vekene etter skulestart.

    Dersom du ynskjer billetten din på app på mobil:

    • Kryss av for at du ønskjer å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss og oppgje telefonnummeret ditt.
    • Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
    • Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
    • Når du har registrert at du ynskjer skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billettar” i appen på alle skuledagar
    • Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.
    • Har du allereie søkt skuleskyss, men ynskjer billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og be om å få skuleskyssbilletten på mobil.
    • Det vert sendt ut to billettar kvar dag. Éin frå heim til skule / praksisplass som kan nyttas i tidsrommet frå kl.06:00-12:00 og éin frå skule / praksisplass til heim som kan nyttast i tidsrommet kl.12:00-22:00.

    Elevar på vg 2 og vg 3 som skal vidareføre skuleskyssen sin, brukar det skuleskysskortet som du har fått på vg 1 dersom du har fysisk kort, eller send inn ny søknad og be om å få billetten på mobil.

Kortet blir deaktivert i sommarferien. Du må aktivere det på nytt inne på lenka, uansett om det er fysisk kort eller på mobil.