Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Elev arbeider på verksted

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

For deg som

  • er praktisk anlagt og nyskjerrig på elektrisk utstyr
  • vil lære meir om elektroniske system
  • vil yte god service
  • er kreativ og har godt fargesyn

Elektro og datateknologi ved Eid vidaregåande skule

Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer deg godt forberedt til å møte næringslivet og vi gjev deg som elev høve til å få vise deg fram til potensielle arbeidsgjevarar/lærebedrifter.

Skulen har eit stort samarbeidsprosjekt med andre skular og næringsliv om velferdsteknologi. Dette bir eit viktig fagfelt i framtida, og Eid vgs vil vere med i fremste rekkje med å utdanne elevar med rett kompetanse. 

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på elektro og data-avdelinga og elevane er ein del av eit stort fagmiljø. Det er også kort veg til dei andre yrkesfaga på skulen, teknologi og industrifag, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Skulen har ein moderne og flott verkstadfløy.  

Kvifor velje dette faget

Elektro- og datateknologi gjev grunnlag for mange spennande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg, er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for fagfolk for eksempel i straumforsyning og installasjonar i bustadar, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.

Elektro og datateknologi

Noko av det du lærer

  • installasjon og vedlikehold av elektriske og elektroniske systemer
  • montering, kobling og programmering av elektriske og elektroniske systemer og anlegg
  • reparasjon av elektrisk utstyr
  • om utvikling av nye elektroniske produkter
  • konfigurering og programmering av utstyr og komponenter
  • sikkerhet og dokumentasjon

Kva kan du bli?

  • elektriker eller elektroreparatør
  • energioperatør eller energimontør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avioniker eller flymekaniker
  • romteknolog, data- eller produksjonselektroniker
  • automatiker eller FU-operatør
  • kulde- og varmepumpemontør

Les meir her om yrker og kompetanse.

Tilbod ved Eid vidaregåande skule

  • Vg1 Elektro- og dataelektronikk
  • Vg2 Datateknologi og elektronikk
  • Vg2 Automatisering
  • Vg2 Elenergi og ekom
  • Vg3 Automatisering
  • Vg3 Dataelekronikerfaget

Etter ferdig skule

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om moglege yrkesvegar og vidare utdanning på:

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Produksjon
  • Automatiseringssystem
  • Data- og elektronikksystem  
  • Elenergisystem

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Matematikk
  • Engelsk
  • Naturfag
  • Kroppsøving

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Data- og elektronikksystem 
  • Elektronisk infrastruktur

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Samfunnsfag
  • Norsk
  • Kroppsøving

Etter at du er ferdig med vg2, kan du gå videre til vg3 datalelektronikerfaget ved Eid vgs.

Oversikt over undervisningsfag

Som for alle yrkesfaglege utdanningsprogram deler vi opplæringa inn i

  • Fellesfag, programfag og yrkesfagleg fordjuping

Programfag

  • Automastieringsystem
  • Elenergisystem

Yrkesfagleg fordjuping 

Hovudmålet med faget er å gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan dette utdanningsprogrammet. Det gjer vi gjennom:

  • Bedriftsbesøk
  • Fordjuping innanfor ulike delar av fagområdet
  • Arbeid på verkstad

Fellesfag

  • Samfunnsfag
  • Norsk
  • Kroppsøving

Etter at du er ferdig med vg2,  kan du gå vidare til vg3 automatisering

På Vg3 får du yrkespraksis i bedrift med 2 veker på hausten, og 2 veker på våren

Fellesfag

  • Kroppsøving

Programfag

  • Automatiseringssystem
  • Elenergisystem
  • Mekaniske arbeid

Oversikt over undervisningsfag

På Vg3 får du yrkespraksis i bedrift med 2 veker på hausten, og 2 veker på våren.

Programfag

  • Apparat og utstyr
  • System og infrastruktur

Fellesfag​

  • Kroppsøving

På Eid vidaregåande skule får du jobbe med Serversystemer, IT Sikkerhet og Programmering. Du har også høve til å jobbe med eigne prosjekter som: drone, 3d-printing, speldesign ved bruk av program som Unity og Unreal Engine.  Skulen har  god blanding av teori og praksis i undervisninga.

Automatisering på laben

Vegen vidare

Dersom du ønskjer å utdanne deg innan eit av hovudområda; elektrofag, elektronikkfag, flyfag eller sjøfartsfag, kan du velge denne studieretninga. Etter tida på skule er du attraktiv som lærling i næringslivet, og arbeidsmarkanden er god. Det er også stor trong for  og vil du seinare ta fagskule eller ingeniørutdanning er det også stort behov for deg.