Hopp til hovedinnhold

FBIE på bedriftsbesøk!

Bilete av bygget på Aasentunet i Ørsta. Skrifta Ivar Aasen står på veggen.

Fredag 26.mai var vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign på to ulike bedriftsbesøk i Ørsta område. Vi var innom NordvestPROFIL og Aasentunet.

NordvestPOROFIL er ei profileringsbedrift som lagar alt av trykk og foliering. Vi fekk ei omvisning i heile bygget av Eilev Mo som starta bedrifta i 2013. Vi fekk sett ulike produkt og prosessar medan vi gjekk rundt i bygget, blant anna foliering av bil og "stripping" av folie - veldig kjekt og interessant!

Aasentunet har fokus på nynorsk og var fyst og fremst bygd på grunn av Ivar Aasen. Ein kan sjå korleis skrift pregar historia, verda og liva våre. Bygget frå år 2000 er teikna av Sverre Fehn, og det var nettopp arkitekturen og løysingar i bygget som var fokuset då vi var på besøk. Det var Ida Karin Aarflot Kornberg som viste oss rundt og formidla historia til oss. Vi fekk sett heile bygget, både inne og ute. Kjempeinteressant!

Takk for at vi fekk komme.