Hopp til hovedinnhold

NM i volleyball for skuletilsette 2024

9 volleyball spelarar står med ryggen til og vi ser like drakter.

I helga var det NM i volleyball for skuletilsette, og frå Eid reiste 9 spente og klare lærarar til Trondheim for å vere med.

Det var ei veldig kjekk helg! Totalt var det med 144 lag. Lærarlaget til Eid (Team yrkesskade), kom til A-sluttspel og 16delsfinale. Søndag var det vinn eller forsvinn, og då møtte dei eit lag som til slutt spelte finale og fekk ein andre plass.

Laget satsar vidare til neste år, då blir det NM i Molde!