Hopp til hovedinnhold

Open kveld 20.januar

Tysdag 20. januar er det open kveld ved Eid vidaregåande skule kl. 18.00–20.00. Formålet med kvelden er å gi 10.-klassingar og føresette høve til ein siste informasjonsrunde før valet av utdanningsløp. Denne kvelden vil de møte lærarar, rådgjevarar og avdelingsleiarar frå dei ulike utdanningsprogramma ved skulen.

Utdanningstilbodet på Eid vidaregåande skule:

FBIE - Frisør, blomar, interiør- og eksponeringsdesign.

TIF - Teknologi- og industrifag.

EL - Elektro og datateknologi

ST - Studiespesialiserande

HOST - Helsefag med studieførebuing