Hopp til hovedinnhold

Podcast, film og litterære samtalar

To elevar i samtale.

I norskfaget for VG3 seier eit av læreplanmåla at elevane skal «Setje saman og presentere eit avgrensa litterært program». Andre læreplanmål handlar t.d. om å setje tekstar i kontekst og reflektere over om eldre tekstar har relevans i dag, noko som ofte fører til spennande og kjekke diskusjonar og samtalar. Desse læreplanmåla kan ein jobbe med på ulike måtar, men påbyggklassene hos oss har i år jobba med litteratur innanfor ulike tema.

Framføringa, der ein skulle prøve å vere fagleg samstundes som ein underheldt, kunne vere anten som innspelt podcast, film eller som levande framføring à la «Bokbadet» eller som dramatisering. Tema vi arbeidde med var «Teknologi og natur», «Innanfor og utanfor», «Fri og ufri», «Krise», «Familie», «Kjønn og identitet» og «Samfunn og menneskeverd». Produkta vi fekk sjå og høyre var spennande, artige, interessante og engasjerande:)

 

Tone og Solveig

3påab